1995 – Aksel Waldemar-bunad B95

1995 - Aksel Waldemar-bunad B95

Historia til Aksel Waldemar-bunaden

Aksel Waldemar-bunaden vart utarbeidd medan Anna Johannessen var eigar av forretninga som vart Heimen sin eigedom da BUL kjøpte forretninga i 1923.

Aksel Waldemar Johannessen teikna broderimotivet til denne bunaden etter ein gamal blå stakk på Norsk Folkemuseum. Dei fann ikkje noko liv som passa til bunaden, men Aksel Waldemar Johannessen teikna ut eit rikt broderimønster både til stakk, liv, lue og forkle etter den gamle blå stakken. 

Bunaden fekk blå stakk med svart brodert stakkebord, grønt liv med broderi, svart silkeforkle og lue med broderi. 

Det vart teikna berre 5-6 bunader av denne typen i 1922-23.

Bunaden vart utarbeidd på nytt av Heimen i 1995, kopiert etter bunaden til Tora Kleiven som kjøpte bunad av den første serien (1922).

Aksel Waldemar-bunaden blei ein forløpar for dei andre bunadene frå Gudbrandsdalen.

Kunstsamlaren og Aksel Waldemar-bunaden

Den aller første Aksel Waldemar-bunaden blei gitt som gåve til Heimen Husfliden frå kunstsamlaren Håkon Mehren i desember 2014. Bunaden blei ved fleire høve lånt ut til utstillingar og til Bunad- og folkedraktrådet.

Kunstsamlaren Haakon Mehren gjenoppdaga målaren Aksel Waldemar Johannessen i 1990. Etter dette brukte han to år på forsking og arbeid med boka «Aksel Waldemar Johannessen – vår glemte maler» (Gyldendal Norsk forlag, 1992).

Under arbeidet med boka tok Mehren kontakt med leiaren på Heimen som på den tida var Thorbjørg Hjelmen Ugland. Ho hadde arkivert det materialet som fanst etter ekteparet Anna og Aksel Waldemar Johannessen, som mønster og foto. Blant dette materialet var eit gammalt fotografi av den første Gudbrandsdalen-bunaden, teikna av Aksel Waldemar og sydd av Anna.

Då boka kom ut, fekk Mehren ein telefon frå ei ung dame som kunne fortelle at det var grandtanta hennar som var avbilda på side 32 i boka og at ho hadde arva denne bunaden. Ho foreslo at Mehren kunne få denne bunaden dersom han betalte for ein ny som var i hennar storleik/som passa henne. Mehren syntest dette var ein god ide, og dei møttest.

På svart/kvitt-fotoet på side 32 i «AWJ – vår glemte maler», synest det som om bunaden er svart, og dermed var det denne varianten som hadde slått gjennom. Stor var derfor overraskinga for Thorbjørg Ugland og Haakon Mehren då dei fekk sjå ein bunad i grønt, blått og svart; ein praktfull fargevariant som sto i stil med ein fargens meister som Aksel Waldemar Johannessen.

Den nye bunaden som Heimen sydde til eigaren, blei såleis ein kopi av den ho hadde levert inn. Dermed var Aksel Waldemar og Annas Gudbrandsdalen-bunad blitt rekonstruert og på nytt til sals i Heimen Husfliden.

Dette er den aller første Aksel Waldemar-bunaden, gitt som gåve til Heimen Husfliden frå Håkon Mehren i desember 2014. Bunaden blei ved fleire høve lånt ut til utstillingar og til Bunad- og folkedraktrådet.

Fotografia som ligg på Digitalt museum er nettopp av denne første, originale bunaden. Vi er svært stolte av å ha denne bunaden i arkivet vårt.