Systova

Systova

Systova i Oslo sentrum

I produksjonsavdelinga til Heimen Husfliden i Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo arbeider 10 tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.

Her blir bunadproduksjonen overvaka frå start til slutt med måltaking, påteikning og klipping, til saum, tilpassing og montering. Dei tilsette har fagbrev eller meisterbrev innanfor fagfelt som bunadtilverking, tilskjering, kjole- og draktsaum, herre- og dameskreddarfaget, konfeksjonsteknikk og tekstilformgiving. Fleire har dessutan etterutdanning i «Drakt og samfunn» i regi av Institutt for bunad og folkedrakt/NTNU.

Kontakt oss gjerne

Kontakt oss for meir informasjon